-
Stand på Mat- og Kulturdagen
Laurdag 24.august stilte Stranda Frivilligsentral både med stand for sentralen og ei aktivitetsløype for BUA Stranda. Ein dag fylt med mat, underhaldning, blanda ver og mykje folk!
Oppstart av Seniornett Stranda
Etter eit langt opphald grunna koronapandemien var det endeleg oppstart igjen for Seniornett Stranda.Heile 19 deltakarar var i dag med på Seniornett Stranda si fyrste samling sidan november 2020. Seks av deltakarane var også med for fyrste gong.
Samlinga tok for seg dagleg bruk og nytte av internett, samt viktigheita av sikkerheit på nett. Det vart halde innlegg på temaet, før dei fem hjelparane var tilgjengelege for spørsmål og støtte.
Neste samling blir 21.03.22 og vil ta føre seg det same temaet.
Er du interessert i meir informasjon om Seniornett Stranda og deira aktivitetar framover, ta kontakt med styreleiar Solveig Helset på mob. 924 47 401 eller dagleg leiar ved Stranda Frivilligsentral, Aud Tomasgard Berstad på mob. 464 11 076.
Del på:
-
Sommaravslutning for Open hall
78 ungdommar møtte då Frivilligsentralen inviterte til sommaravslutning for Open hall fredag 7.juni.
-
Rundtur i Stranda kommune
Laurdag 25.mai dro Flyktningtenesta og Frivilligsentralen i Stranda kommune saman med 44 Ukrainarar på busstur rundt i kommuna vår. Målet var å vise flyktningane meir av Stranda kommune.
-
Møte om oppstart av Naturmøteplassen
Tysdag 09.april inviterer Stranda Frivilligsentral og Sunnmøre Friluftsråd til eit ope møte om oppstart av Naturmøteplassen på Stranda.
-
Årsmelding for Stranda frivilligsentral 2023
2023 var nok eit år med mykje god aktivitet i Stranda frivilligsentral. Om du er interessert i arbeidet vårt og det vi jobbar med i Stranda kommune, er du hjartleg velkomen til å lese årsmeldinga til Stranda frivilligsentral for 2023.