Stand på Mat- og Kulturdagen 27.08.24: Laurdag 24.august stilte Stranda Frivilligsentral både med stand for sentralen og ei aktivitetsløype for BUA Stranda. Ein dag fylt med mat, underhaldning, blanda ver og mykje folk!
Sommaravslutning for Open hall 11.06.24: 78 ungdommar møtte då Frivilligsentralen inviterte til sommaravslutning for Open hall fredag 7.juni.
Rundtur i Stranda kommune 28.05.24: Laurdag 25.mai dro Flyktningtenesta og Frivilligsentralen i Stranda kommune saman med 44 Ukrainarar på busstur rundt i kommuna vår. Målet var å vise flyktningane meir av Stranda kommune.
Møte om oppstart av Naturmøteplassen 03.04.24: Tysdag 09.april inviterer Stranda Frivilligsentral og Sunnmøre Friluftsråd til eit ope møte om oppstart av Naturmøteplassen på Stranda.
Årsmelding for Stranda frivilligsentral 2023 05.03.24: 2023 var nok eit år med mykje god aktivitet i Stranda frivilligsentral. Om du er interessert i arbeidet vårt og det vi jobbar med i Stranda kommune, er du hjartleg velkomen til å lese årsmeldinga til Stranda frivilligsentral for 2023.
Første frivillig forum i regi av frivilligsentralen 24.01.24: Omlag 50 personar frå 25 organisasjonar deltok på det første Frivillig forumet i regi av Stranda frivilligsentral.
GOD JUL! 21.12.23: Frivilligsentralen tek juleferie frå fredag 22.desember til onsdag 3.januar. Ønskjer dykk alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!
83 gongar rundt jorda i årets Stikk UT! 14.11.23: I sommarens Stikk UT! har 40 000 deltakarar registrert nær 1 million turar. Dei har tilbakelagt 3,3 million km på dei ulike turane, noko som tilsvarar 83 gongar rundt jorda. Og når Stikk UT!-deltakarane i tillegg har lagt bak seg 78 000 høgdekilometer, tilsvarer det nesten 9 000 gongar opp Mount Everest.
Årets TV-aksjon til Redd Barna 26.09.23: Årets TV-aksjon går til Redd Barna og er til inntekt for barn ramma av krig og konflikt. Bli med som bøsseberar søndag 22.oktober!
Konsertar på alle institusjonane i Stranda 17.09.23: I veke 37 blei Festspela i Geiranger arrangert og i samband med dette blei det gjennomført fem konsertar med midlar frå den Kulturelle Spaserstokk.
Natt i naturen, 02.09.23 25.08.23: Vi inviterer til Natt i naturen i forbindelse med Friluftlivets veke. Vi møter ved parkeringa til Ljøbrekka på Strandasida og går fram til Herdalsvatnet der vi setter opp camp.
Strikkekafé, 17.08.23 09.08.23: Det blir Strikkekafé i lokala til Stranda frivilligsentral annakvar torsdag i oddetalsveker mellom kl 11-13. Vel møtt!
Varierte Språkkafé aktivitetar 22.03.23: Språkkafé er eit tilbod for utanlandske tilflyttarar til Stranda og ei moglegheit for å praktisere norsk saman med lokale. Kombinert med sosiale aktivitetar for deltakarane moglegheit til å både ha det kjekt, møte nye menneske og lære seg språket bedre. Og variasjonen i aktivitetane er stor!
Opning av BUA Stranda 30.01.23: Laurdag var det endeleg klart for opning av BUA Stranda. Ordførar Jan Ove Tryggestad stod for den formelle opninga av BUA framfor vel 30 frammøtte.
Meir midlar til utstyrssentralen 12.12.22: Gjensidigestiftelsen gleda Stranda frivilligsentral med ei tidleg julegåve.
Ein festkveld for Stranda frivilligsentral 14.11.22: Laurdag 12.november inviterte Stranda Frivilligsentral til 30 år jubileumsfeiring i Storfjord Kulturhus. Ein nærmast fullsatt sal fekk både variert program, bugnande koldtbord og god stemning denne laurdagskvelden.
Gode og engasjerande innlegg under Aksjonsveka mot rus 01.11.22: Torsdag 27.oktober var datoen for årets "Aksjonsveke mot rus". Foredragshaldarane fekk fram både engasjement, applaus og tårer blant tilhøyrarane.
Tilskot til inkludering av barn og unge 26.10.22: Bufdir vil informere søkarar og søkarorganisasjonar om at tilskotsordninga “Tilskudd til inkludering av barn og unge” no er kunngjort for 2023 og at søknadsskjemaet er publisert.
Vellykka innsamling til Leger uten Grenser i Stranda kommune 24.10.22: Søndag 23.oktober gjekk årets TV-aksjon til inntekt for Leger uten Grenser av stabelen. Meir enn 266 millionar vart samla inn på landsbasis og innsamlinga var også svært vellykka i Stranda kommune.
Stranda Frivilligsentral 30år!, 12.11.22 19.10.22: Stranda Frivilligsentral fyller 30år og ønskjer å invitere til feiring saman med innbyggarane i Stranda kommune i Storfjord Kulturhus laurdag 12.november.
Mykje besøk på Kafé 60+ 04.10.22: Tysdag 4.oktober var det invitert til Kafé 60+ på Strandastova og mange møtte opp for å få med seg både programinnslag, allsong, åresal og middag.
Vil du vere bøsseberar? 22.09.22: Søndag 23.oktober 2022 er det klart for årets Tv-aksjon til inntekt for Leger Uten Grenser. No søkjer vi deg som har tid og lyst til å besøke innbyggarane i Stranda med ei bøsse.
Månadlege aktivitetar for Språkkafé 31.08.22: Denne hausten skal Stranda Kulturforeining i samarbeid med Stranda Frivilligsentral arrangere Språkkafé ein gong i månaden. Det blir ulike aktivitetar kvar gong med fokus på sosiale, kjekke aktivitetar, møte mellom menneske og ei muligheit for å praktisere norsk.
Oppstart av Seniornett Stranda 16.03.22: Etter eit langt opphald grunna koronapandemien var det endeleg oppstart igjen for Seniornett Stranda.
Tilskotsportalen er open for registrering 07.03.22: Tilskotsportalen er eit verktøy som gjev din organisasjon moglegheit til å finne nyttige og aktuelle tilskot til nye aktivitetar og prosjekt. No kan din organisasjon registrere seg!