-
6200 Innafor
Stranda Frivilligsentral og SOS-barnebyer inviterer til ein kveld med foredrag og myldring rundt nettverk og aktivitetar blant barn og familiar i Stranda torsdag 08.mai kl. 18 på Storfjord Kulturhus. Dette blir ei skikkelig vitamininnsprøyting som vi er sikre på at du ønskjer å få med deg!
Tilskotsportalen er open for registrering
Tilskotsportalen er eit verktøy som gjev din organisasjon moglegheit til å finne nyttige og aktuelle tilskot til nye aktivitetar og prosjekt. No kan din organisasjon registrere seg!Alle lag og organisasjonar i Stranda
Alle lag og organisasjonar i kommunen kan no registrere seg på Tilskotsportalen. Inntil 3 representantar for kvar organisasjon kan opprette brukar i portalen. Avtal med din organisasjon kven som ha denne tilgangen.
Korleis få tilgang
Klikk her for å komme til portalen: https://tilskuddsportalen.no/ Skriv «Stranda» i søkefeltet på heimesida og vel «Lag og foreninger i Stranda» for å opprette brukar.
Etter å ha blitt godkjent som brukar vil du få ein e-post med ei aktiviseringslenkje. Deretter vil du kunne logge inn og søkje mellom alle dei ulike tilskotsmoglegheitene inne i portalen.
Spørsmål?
Ta kontakt med Ragnhild Stadheim ved Stranda Frivilligsentral på ragnhild.stadheim@stranda.kommune.no eller på mobil 464 11 119 om du har spørsmål til portalen.
Del på:
-
Survey about social networks and relations in Stranda
Stranda Frivilligsentral want to conduct a survey to understand better how families with children feel about their social networks and relations and which barriers exists to be a part of the community in Stranda today. You can answer in Norwegian, English and Ukrainian.
-
Stand på Mat- og Kulturdagen
Laurdag 24.august stilte Stranda Frivilligsentral både med stand for sentralen og ei aktivitetsløype for BUA Stranda. Ein dag fylt med mat, underhaldning, blanda ver og mykje folk!
-
Sommaravslutning for Open hall
78 ungdommar møtte då Frivilligsentralen inviterte til sommaravslutning for Open hall fredag 7.juni.
-
Rundtur i Stranda kommune
Laurdag 25.mai dro Flyktningtenesta og Frivilligsentralen i Stranda kommune saman med 44 Ukrainarar på busstur rundt i kommuna vår. Målet var å vise flyktningane meir av Stranda kommune.