-
6200 Innafor
Stranda Frivilligsentral og SOS-barnebyer inviterer til ein kveld med foredrag og myldring rundt nettverk og aktivitetar blant barn og familiar i Stranda torsdag 08.mai kl. 18 på Storfjord Kulturhus. Dette blir ei skikkelig vitamininnsprøyting som vi er sikre på at du ønskjer å få med deg!
Årets TV-aksjon til Redd Barna
Årets TV-aksjon går til Redd Barna og er til inntekt for barn ramma av krig og konflikt. Bli med som bøsseberar søndag 22.oktober!La barn leve, lære og leike i fred er årets motto og Redd Barna estimerer at ved innsamla midlar frå TV-aksjonen vil dei kunne hjelpe 100.000 born ramma av krig og konflikt.
Kva går pengane til?
Pengane frå TV-aksjonen går blant anna til:
- å gi barn moglegheit til å gå på skulen
- å gjenforeine barn med familien dei har kome bort fra
- å støtte tidlegare barnesoldatar
- trygge leikeområde der barn kan utfolde seg
- hjelp til å handtere vonde opplevingar
- at barn som har flykta til Norge, får ei aktiv fritid
Bli bøsseberar!
Søndag 22.oktober mobiliserer heile landet til TV-aksjonen på NRK og cirka 7000 frivillige bidreg til innsamlinga. I Stranda kommune er det Stranda frivilligsentral saman med Ordførar og varaordførar som utgjer komiteen for TV-aksjonen.
Litt av essensen i TV-aksjonen er møte med menneske på sjølve aksjonsdagen. Enkelte har venta nettopp på dette besøket. Bøsseberarane er såleis svært viktige for å nå ut med både bodskapet og engasjementet.
I Liabygda organiserer Helselaget dei frivillige, og i Sunnylven organiserer Ungdomslaget bøsseberarar. I Geiranger er det også organisert av frivillige. For Stranda tettstad blir bøsseberarane organisert gjennom frivilligsentralen.
Kommunen har totalt cirka 70 bøsseberarar ute denne søndagsettermiddagen. Sparebanken Møre Stranda stiller opp og bidreg med oppteljing av dei innsamla midlane.
Har du lyst å bidra som bøsseberar eller sjåfør?
Ta kontakt med Ragnhild Stadheim på ragnhild.stadheim@stranda.kommune.no eller 46411076.
Del på:
-
Survey about social networks and relations in Stranda
Stranda Frivilligsentral want to conduct a survey to understand better how families with children feel about their social networks and relations and which barriers exists to be a part of the community in Stranda today. You can answer in Norwegian, English and Ukrainian.
-
Stand på Mat- og Kulturdagen
Laurdag 24.august stilte Stranda Frivilligsentral både med stand for sentralen og ei aktivitetsløype for BUA Stranda. Ein dag fylt med mat, underhaldning, blanda ver og mykje folk!
-
Sommaravslutning for Open hall
78 ungdommar møtte då Frivilligsentralen inviterte til sommaravslutning for Open hall fredag 7.juni.
-
Rundtur i Stranda kommune
Laurdag 25.mai dro Flyktningtenesta og Frivilligsentralen i Stranda kommune saman med 44 Ukrainarar på busstur rundt i kommuna vår. Målet var å vise flyktningane meir av Stranda kommune.