-
6200 Innafor
Stranda Frivilligsentral og SOS-barnebyer inviterer til ein kveld med foredrag og myldring rundt nettverk og aktivitetar blant barn og familiar i Stranda torsdag 08.mai kl. 18 på Storfjord Kulturhus. Dette blir ei skikkelig vitamininnsprøyting som vi er sikre på at du ønskjer å få med deg!
83 gongar rundt jorda i årets Stikk UT!
I sommarens Stikk UT! har 40 000 deltakarar registrert nær 1 million turar. Dei har tilbakelagt 3,3 million km på dei ulike turane, noko som tilsvarar 83 gongar rundt jorda. Og når Stikk UT!-deltakarane i tillegg har lagt bak seg 78 000 høgdekilometer, tilsvarer det nesten 9 000 gongar opp Mount Everest.– Det er heilt vilt! Snakk om turglede og innsats! Vi ønsker å takke alle turgåarar som har registrert turane sine i Stikk UT! denne sesongen. Vi har fått mange tilbakemeldingar frå deltakarane om at Stikk UT! påverkar helsa deira fordi dei får gode turopplevingar og kan delta på sin eigen måte, seier Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd som er ansvarlige for Stikk UT! i Møre og Romsdal og Heim.
Dei er godt fornøgde med årets sommarsesong som var vore frå 1. mai – 31. oktober. Tala viser at Stikk UT! er eit svært populært folkehelsetiltak i regionen. Samtidig bidreg turtrimmen til gode møteplassar og nye turopplevingar.
Turglede
– Vi ser at turfolket deler fantastiske bilde på sosiale media og inspirerer kvarandre. Denne sesongen har det vore 520 turmål å velge mellom, og vi rettar ei spesiell takk til alle grunneigarar, Stikk UT!-kontakter og frivillige for det gode arbeidet dei legg ned for å lage fine turmål, sier Hilde Ellingsæter.
341 arbeidsplassar har vore påmeld i årets Stikk UT! Dei har delteke med 5 980 deltakarar som har registrert 290 000 turmål. Dette er ny solid rekord både i registreringer og på bedriftsdeltakarar.
I friluftslivets veke, 3.–10. september, vart den store turgleda i fylket feira med eigen Stikk UT!-festival. Her var det fleire arrangement rundt om, og alle vart oppfordra til å ta ein ekstra tur eller fleire i løpet av veka. Det resulterte i totalt 43.000 turar i løpet av festivaldagane.
Stikk UT!-vett og fokus på allemannsplikta
Stikk UT! har stort fokus på berekraft og ivaretaking av naturen. Hoel og Ellingsæter har fått tilbakemeldinger både fra grunneigarar og andre om at dei fleste turfolk har blitt flinkare til å ta omsyn både når det gjeld parkering og til husdyr på beite, og til å ta med seg søppel hjem. Dette er dei glade for.
Friluftsråda jobbar også med ulike tiltak for å ta vare på stiane, og denne sesongen har Sparebanken Møre gitt 500.000 til Stikk UT! Stifond som har gått til førstehjelpstiltak i Stikk UT!-stiane. Midlane har blitt delt ut til 47 søkarar rundt om i Stikk UT!-kommunane, og har mellom anna gått til klopper, steinlegging og grusing.
Her frå starten til Flosteinsnibba
Del på:
-
Survey about social networks and relations in Stranda
Stranda Frivilligsentral want to conduct a survey to understand better how families with children feel about their social networks and relations and which barriers exists to be a part of the community in Stranda today. You can answer in Norwegian, English and Ukrainian.
-
Stand på Mat- og Kulturdagen
Laurdag 24.august stilte Stranda Frivilligsentral både med stand for sentralen og ei aktivitetsløype for BUA Stranda. Ein dag fylt med mat, underhaldning, blanda ver og mykje folk!
-
Sommaravslutning for Open hall
78 ungdommar møtte då Frivilligsentralen inviterte til sommaravslutning for Open hall fredag 7.juni.
-
Rundtur i Stranda kommune
Laurdag 25.mai dro Flyktningtenesta og Frivilligsentralen i Stranda kommune saman med 44 Ukrainarar på busstur rundt i kommuna vår. Målet var å vise flyktningane meir av Stranda kommune.