Rundtur i Stranda kommune

Laurdag 25.mai dro Flyktningtenesta og Frivilligsentralen i Stranda kommune saman med 44 Ukrainarar på busstur rundt i kommuna vår. Målet var å vise flyktningane meir av Stranda kommune.
Første stopp var Hellesylt og litt vandring ved Hellesyltfossen og badestranda. Vidare tok følget ferga til Geiranger og fekk oppleve fjorden på sitt beste. Ein fjord som bada i sol med store fossefall vart eit populært fotomotiv. 


I Geiranger fekk vi besøke Norsk Fjordsenter. Etterpå var det tid for leik og moro på området utanfor. Her grilla vi også pølser, lokalt produsert frå Ole Ringdal. Etter ei god pause tok vi trappene ned langs elva til Geiranger sentrum. 

Til slutt gjekk turen vidare via Ørnesvingane til Eidsdal og via Liabygda før vi var tilbake på Stranda litt før kl 18. Og alle var einige om at det hadde vore ein lang, men flott dag på tur. 🤩

Tusen takk til Ingers Trans for transporten og hyggelig sjåfør, til Fjord X for gratis fergetur til Geiranger og til Norsk Fjordsenter for gratis tilgang til utstillinga og lån av uteområdet etterpå! 👏🏼

Turen var støtta av Sparebank 1 SMN. 

2024 © Stranda frivilligsentral