Sommaravslutning for Open hall

78 ungdommar møtte då Frivilligsentralen inviterte til sommaravslutning for Open hall fredag 7.juni.

Sidan 2012 har Stranda frivilligsentral invitert elevar i 8.-10. klasse til Open hall i Strandahallen omlag ein fredagskveld i månaden.  

Open hall er ei moglegheit for ungdommane å møtes, vere aktive saman, henge saman og styre aktiviteten sjølve med trygge vaksne til stades som støtte. Strandahallen blir opna og ungdommane vel om dei vil spele fotball, volleyball, basket, ligge hengslengt på ein tjukkas, spele musikk eller prate i eit hjørne av tribuna. Open hall skal vere ein møtearena der ein berre kan vere saman. 

Utan dei frivillige hadde Stranda Frivilligsentral ikkje hatt moglegheit til å arrangere desse kveldane, og dei fortener ein stor takk for å stille på som trygge vaksne som ønskjer velkomen og er til stades for ungdomane.   

Fredag 7.juni var siste Open hall før sommarferien som blei markert litt ekstra, der også 7.klasse var invitert som ein introduksjon til hausten. 78 ungdomar var innom hallen og fekk servert pizza, brus og brownies. Ordførar Einar Arve Nordang stilte opp saman med Stine Sjåstad Vågsæter og steikte store menger pizza spandert av Orkla. Ein veldig kjekk kveld med mykje aktivitet og flotte ungdommar. Vi gler oss til nye kveldar med Open hall til hausten.   

 

Kontakt

Øyna 13
6200 Stranda

Organisasjonsnummer
987764740

Sosiale media

2024 © Stranda frivilligsentral