Stand på Mat- og Kulturdagen

Laurdag 24.august stilte Stranda Frivilligsentral både med stand for sentralen og ei aktivitetsløype for BUA Stranda. Ein dag fylt med mat, underhaldning, blanda ver og mykje folk!

Stranda Sentrumsforening inviterte til Mat- og Kulturdag i Stranda sentrum laurdag 24.august. Fleire lokale bedrifter stilte på med sine produkt som dei delte ut og folk fekk smake på. Også frivillige lag og organisasjonar deltok og kunne fortelle som sine arrangement og aktivitetar.

Størst merksemd fekk nok Brannbamsen Bjørnis, men det var mykje fin underhaldning frå utescena. Også naudetatane ved politi, brann og ambulanse fekk mykje besøk.

Frivilligsentralen i Stranda er kjend for dei fleste, men vi fekk vise fram noko av det vi har å tilby og kva som skal skje i haust. Hos aktivitetsløypa til BUA var det mykje besøk av barn som fekk prøve litt forskjellig uttsyr som kan lånast på BUA. Ein kjekk dag i Stranda sentrum!

 

Kontakt

Øyna 13
6200 Stranda

Organisasjonsnummer
987764740

Sosiale media

2024 © Stranda frivilligsentral