-
6200 Innafor
Stranda Frivilligsentral og SOS-barnebyer inviterer til ein kveld med foredrag og myldring rundt nettverk og aktivitetar blant barn og familiar i Stranda torsdag 08.mai kl. 18 på Storfjord Kulturhus. Dette blir ei skikkelig vitamininnsprøyting som vi er sikre på at du ønskjer å få med deg!
Survey about social networks and relations in Stranda
Stranda Frivilligsentral want to conduct a survey to understand better how families with children feel about their social networks and relations and which barriers exists to be a part of the community in Stranda today. You can answer in Norwegian, English and Ukrainian.Familie, vennskap og naboskap bidreg til sosial kontakt og inkludering i sosiale fellesskap. Vi har alle behov for nokon å snakke med, lene oss på og dele gode og mindre gode opplevingar med. Enkelte har få eller lite nettverk rundt seg. Menneske dei kan spørre om hjelp, råd eller snakke med om både gode og vanskelege ting. Spesielt utfordrande er det kanskje for tilflyttarar, som ikkje kjenner andre i kommunen og kanskje også snakkar eit anna språk. Med denne spørreundersøkinga ønskjer vi å få eit betre innblikk i kva barnefamiliar tenkjer om sine eigne relasjonar og nettverk og kva barrierer som hindrar ein i å vere del av fellesskapet i lokalsamfunnet i dag. Ønsket vårt er å bruke resultata til å finne løysingar for å bryte ned barrierene og legge til rette for eit meir ope og inkluderande lokalsamfunn. Vel møtt til ope møte torsdag 8.mai for gjennomgang av resultata og inspirasjonsforedrag! Sjekk ut arrangement på Frivilligsentraen sin facebook eller Stranda frivilligsentral si heimeside. Tusen takk for dine viktige svar og innspel! Lurer du på noko? Ta kontakt med Ragnhild Stadheim v/ Stranda Frivilligsentral på ragnhild.stadheim@stranda.kommune.no
Del på:
-
Stand på Mat- og Kulturdagen
Laurdag 24.august stilte Stranda Frivilligsentral både med stand for sentralen og ei aktivitetsløype for BUA Stranda. Ein dag fylt med mat, underhaldning, blanda ver og mykje folk!
-
Sommaravslutning for Open hall
78 ungdommar møtte då Frivilligsentralen inviterte til sommaravslutning for Open hall fredag 7.juni.
-
Rundtur i Stranda kommune
Laurdag 25.mai dro Flyktningtenesta og Frivilligsentralen i Stranda kommune saman med 44 Ukrainarar på busstur rundt i kommuna vår. Målet var å vise flyktningane meir av Stranda kommune.
-
Møte om oppstart av Naturmøteplassen
Tysdag 09.april inviterer Stranda Frivilligsentral og Sunnmøre Friluftsråd til eit ope møte om oppstart av Naturmøteplassen på Stranda.