Ein festkveld for Stranda frivilligsentral

Laurdag 12.november inviterte Stranda Frivilligsentral til 30 år jubileumsfeiring i Storfjord Kulturhus. Ein nærmast fullsatt sal fekk både variert program, bugnande koldtbord og god stemning denne laurdagskvelden.

Song, musikk og humor

Programleiar for kvelden, Bibbi Kjølås, leia publikum gjennom både song, musikk og humorinnslag frå scena. Det var varierte programinnslag av høg kvalitet og noko for en kvar smak. 

Frivillighetsprisen 2022

Årets Frivillighetspris 2022 gjekk til Knut Dag Langeland for all frivillig innsats han har lagt ned, både retta mot born og unge innan fotball og skiskyting. Han har også vore aktiv i ungdomslaget sine teaterframsyningar på Hellesylt, og ein "ja-mann" om noko skal gjerast i bygda. 

Knut Dag mottok eit bilete av Norunn Mølsæter frå Geiranger, saman med ein diplom og ein blomsterbukett.

Bugnande Strandabord

Midt i programmet var det tid for ein matbit og to gode hjelparar hadde satt opp eit stort Strandabord gjestane fekk forsyne seg frå. Matbedriftene i kommunen sørga for at ingen gjekk svoltne heim. Her var det mykje variert sjømat, spekemat, varm mat, eggerøre, potetsalat, brød og til dessert til slutt to store marsipankaker. 

  

Tusen takk!

Stranda Frivilligsentral ønskjer å rette ein stor takk til alle sponsorar, gjester og publikum. Det var ein jubileumsfest vi seint vil gløyme. 

Kveldens sponsorar var:

Norsk Sjømat, Platina Seafood, Ole Ringdal AS, Orkla, Kiwi Stranda, Coop Marked Hellesylt, Stranda Spekemat/Tind, Gardskjøkkenet, Skarbø Gard, HT Bygg Hellesylt, Stranda Bakeri, Slettvoll Møbler, Geiranger Bakeri, Stranda kommune og Sparebanken Møre, avd. Stranda.


Kontakt

Øyna 13
6200 Stranda

Organisasjonsnummer
987764740

Sosiale media

2024 © Stranda frivilligsentral