Gode og engasjerande innlegg under Aksjonsveka mot rus

Torsdag 27.oktober var datoen for årets "Aksjonsveke mot rus". Foredragshaldarane fekk fram både engasjement, applaus og tårer blant tilhøyrarane.

Ærleg og personleg Leo Ajkic

Det var ei lydhøyr forsamling både på Stranda Ungdomsskule og på Vestborg vidaregåande når Leo Ajkic fortalte si historie om flukten, oppveksten, møtet med rus og vala han tok i ein viktig periode i livet. 

Ei svært ærleg og personleg fortelling om korleis han tidlegare hadde sett på rusmisbrukarar som skurkar, men at han gjennom å bli kjend med sin nærmaste nabo som var rusbrukar endra syn. Han la stor vekt på at ein sjølv har ei moglegheit til å gjere andre og gode val, men at forholda og tilboda også må vere til stades for å klare det. For han sjølv var basket, hip hop og grafitti redninga. 

Ungdomsskuleelevane frå både Stranda og Sunnylven hadde ikkje mange spørsmål, men fekk god tid til å ta selfie med Ajkic i etterkant. 

Rørande og kunnskapsrikt folkemøte

På kvelden same dag var det invitert til folkemøte på Storfjord Kulturhus. Her presenterte først Margrethe Fjetland Løvold Ungdata 2022 resultata for Stranda. Eit godt innblikk i situasjonen for ungdommane i kommunen vår.

Torbjørn Nervik frå Norsk Narkotika Politiforening fortalte detaljert om effektane ved rus og om viktigheita av dei gode og nysgjerrige samtalane med ungdommane. Kvelden vart avslutta med eit svært rørande innlegg av Arne Bratland og kona Mona, som i 2017 mista sønnen i overdose av MDMA. 

Berre 40 personar var til stades denne kvelden og vi skulle gjerne sett at mange fleire hadde møtt opp. Dette var absolutt eit tema som kunne vore interessant og nyttig for fleire å få med seg.


Kontakt

Øyna 13
6200 Stranda

Organisasjonsnummer
987764740

Sosiale media

2024 © Stranda frivilligsentral