Konsertar på alle institusjonane i Stranda

I veke 37 blei Festspela i Geiranger arrangert og i samband med dette blei det gjennomført fem konsertar med midlar frå den Kulturelle Spaserstokk.
Tusen takk til Festspela i Geiranger for samarbeidet og hjelpa med å organisere fem flotte konsertar på omsorgsbustadane i Stranda kommune.
Kviven Duo hadde ein tettpakka dag torsdag 14.september med tre konsertar. Først ut var Liabygda på formiddagen og damene i Kviven Duo imponerte stort på felene med flotte tonar og historier til. Det vart både gjesteopptreden av Thea Marie Ytterdal som var heimom og henta fela, og servering av eplekake med krem og kaffi i etterkant saman med bebuarar og heimeboande. På Stranda same ettermiddag spela dei først på Solbakken og til slutt på Sjukestova til eit godt oppmøte. Her måtte det ekstra nummer til for å gjere stas på ein av husets bebuarar som hadde bursdag og fylte 95år!

Laurdag 16.september var det Sunnylven og Geiranger Omsorgssenter sin tur. Dei fekk besøk av henholdsvis Almir og Daniel på trekkspel og fele og Anna Miklashevich og Carolin Eide med song og piano.
Frivilligsentralen var på besøk på Hellesylt og kan rapportere om høg stemning og fengande god musikk!


Vi oppsummerer med orda frå ein av konsertdeltakarane på Stranda: «Ditta va kjekt!» Og vi seier oss heilhjarta einig i det. Takk for musikken! 😊


Takk også til Møre og Romsdal fylkeskommune for midlar gjennom den Kulturelle Spaserstokk som gjorde det mulig og arrangere konsertane!

Kontakt

Øyna 13
6200 Stranda

Organisasjonsnummer
987764740

Sosiale media

2024 © Stranda frivilligsentral