Månadlege aktivitetar for Språkkafé

Denne hausten skal Stranda Kulturforeining i samarbeid med Stranda Frivilligsentral arrangere Språkkafé ein gong i månaden. Det blir ulike aktivitetar kvar gong med fokus på sosiale, kjekke aktivitetar, møte mellom menneske og ei muligheit for å praktisere norsk.
Språkkafé vart starta opp av Stranda Kulturforeining hausten 2021 med mål om å gi utanlandske innbyggjarar ei moglegheit til kunne praktisere norsk gjennom aktivitet og i møte med andre. Språkkafeen er retta mot alle utanlandske innbyggarar i Stranda kommune som ønskjer å snakke norsk, men handlar også om å bygge nettverk og bli kjent med nye menneske.

Hausten 2022 skal Stranda Kulturforeining i samarbeid med Stranda Frivilligsentral arrangere Språkkafé ein gong i månaden der ein i tillegg til å kunne praktisere norsk får halde på med kjekke, sosiale aktivitetar. Gjennom hausten blir det både mat og prat, tur, quiz og spel og ei juleavslutning i desember.

Første samling blir fredag 23.september på Langlobøen Aktivitetssenter der det blir mat og prat og muligheit til å spele biljard, bordtennis med meir. Eit facebook arrangement vil bli oppretta med meir informasjon, så følg med!

Språkkafé aktiviteten er støtta med midlar frå Sparebank 1 og Norges Frivilligsentralar og vil kunne bidra til innkjøp av mat, drikke og utstyr til samlingane. 

Ta gjerne kontakt med Ragnhild Stadheim ved Stranda Frivilligsentral på 464 11 119 dersom du vil vite meir om Språkkafé og har lyst å vere med. 

Velkomen skal du vere! :)



Kontakt

Øyna 13
6200 Stranda

Organisasjonsnummer
987764740

Sosiale media

2024 © Stranda frivilligsentral