Meir midlar til utstyrssentralen

Gjensidigestiftelsen gleda Stranda frivilligsentral med ei tidleg julegåve.

Gjennom Gjensidigestiftelen hadde Stranda frivilligsentral søkt om midlar til innkjøp av meir utstyr til den nye utstyrssentralen som skal opne tidleg i 2023.

Torsdag forrige veke vart sentralen invitert til lokalavisa Nyss sine lokaler på eit møte. Her fekk sentralen overrekt ein stor gåvesjekk på 135 450kr til utstyrssentralen på Stranda.

Ei gledeleg gåve som vil kunne nyttast til å kjøpe inn meir utstyr til sommarsesongen som f.eks syklar.

Tusen takk til Gjensidigestiftelsen for den kjekke førjulsgåva! 

Kontakt

Øyna 13
6200 Stranda

Organisasjonsnummer
987764740

Sosiale media

2024 © Stranda frivilligsentral