Mykje besøk på Kafé 60+

Tysdag 4.oktober var det invitert til Kafé 60+ på Strandastova og mange møtte opp for å få med seg både programinnslag, allsong, åresal og middag.

Heile 31 personar tok turen til Strandastova for å møte gamle og nye kjente.

Først ut på programmet var ein presentasjon av Stranda kommune sin Folkehelsekoordinator, Margrethe Fjetland Løvold. Ho fortalde om betydninga av folkehelse og kva jobben hennar går ut på. Ho gav også ei oppmoding til alle eldre om å halde seg i aktivitet og vere sosiale for å nyte godt av god helse.

Mass Peter Jelle og Ragnvald Isehaug akkompagnerte til allsong og spela også nokre instrumental songar på piano og munnspel.

Etter litt servering av kaffe og kaker var det tid for åresal. Ein populær aktivitet for alle som prøvde vinnarlykka. Tolv flotte premiar vart delt ut til dei heldige vinnarane.

Fleire kjøpte seg også dagens middag. Kjøttpudding med poteter, kålstuing og brun saus fell i smak hos fleire av dei frammøtte. Til dessert vart det servert blåbærgraut med vaniljesaus.

Neste Kafé 60+ er tysdag 1.november kl. 11:00 - 14:00. Då får vi besøk av Ola Ødegård som skal fortelle om si nye bok "Strandasoga".

Vel møtt! 

Kontakt

Øyna 13
6200 Stranda

Organisasjonsnummer
987764740

Sosiale media

2024 © Stranda frivilligsentral