Opning av BUA Stranda

Laurdag var det endeleg klart for opning av BUA Stranda. Ordførar Jan Ove Tryggestad stod for den formelle opninga av BUA framfor vel 30 frammøtte.

BUA står for barn, unge, aktivitet og utstyrssentralen tilbyr gratis utlån av sport- og fritidsutstyr til eit variert utval aktivitetar.

I fleire veker har Stranda frivilligsentral jobba for å sette i stand BUA. Lokalet som ligg vegg i vegg med frivilligsentralen har blitt fylt med nytt utstyr frå Intersport Stranda og måla i BUA sin fargerike profil.

Ordførar Jan Ove Tryggestad stod for den formelle opninga, medan Ragnhild Stadheim v/frivilligsentralen fortalte om låneordninga.

BUA Stranda er eit tiltak for å auke fysisk aktivitet, sosial inkludering og aktivitetsglede i kommunen vår. Ein kan låne utstyr til det ein likar eller utfordre seg med aktivitetar ein aldri har prøvd før. 

For å låne utstyr opprettar ein ein låneprofil på BUA.no og så kan ein gå inn på BUA Stranda og sjå kva utstyr som er tilgjengelig. Ein kan låne alt i 1 veke og ein vil kunne sjå i ein kalender når ein bestiller når det skal leverast samt få ei påminning. 

Der er også reservasjonsmulighet som vil seie at om du feks bor i Geiranger eller på Hellesylt kan du reservere det utstyret du ønskjer. Utstyr kan reserverast 14 dager før og så seint som 2 dager før du treng det.

Er du under 18 år kan du leggast inn som medlåntaker av føresette. Ein må ha eige telefonnummer og e-post, men en har då muligheit til å låne sjølv.

BUA Stranda har ope måndag og torsdag frå kl. 15:00-17:30 og er lokalisert på BYRG, 2.etasje ved Stranda frivilligsentral. 

Velkomen innom!

Kontakt

Øyna 13
6200 Stranda

Organisasjonsnummer
987764740

Sosiale media

2024 © Stranda frivilligsentral