Oppstart av Seniornett Stranda

Etter eit langt opphald grunna koronapandemien var det endeleg oppstart igjen for Seniornett Stranda.

Heile 19 deltakarar var i dag med på Seniornett Stranda si fyrste samling sidan november 2020. Seks av deltakarane var også med for fyrste gong. 

Samlinga tok for seg dagleg bruk og nytte av internett, samt viktigheita av sikkerheit på nett. Det vart halde innlegg på temaet, før dei fem hjelparane var tilgjengelege for spørsmål og støtte. 

Neste samling blir 21.03.22 og vil ta føre seg det same temaet. 

Er du interessert i meir informasjon om Seniornett Stranda og deira aktivitetar framover, ta kontakt med styreleiar Solveig Helset på mob. 924 47 401 eller dagleg leiar ved Stranda Frivilligsentral, Aud Tomasgard Berstad på mob. 464 11 076.

Kontakt

Øyna 13
6200 Stranda

Organisasjonsnummer
987764740

Sosiale media

2024 © Stranda frivilligsentral