-
Møte om oppstart av Naturmøteplassen
Tysdag 09.april inviterer Stranda Frivilligsentral og Sunnmøre Friluftsråd til eit ope møte om oppstart av Naturmøteplassen på Stranda.
Tilskotsportalen er open for registrering
Tilskotsportalen er eit verktøy som gjev din organisasjon moglegheit til å finne nyttige og aktuelle tilskot til nye aktivitetar og prosjekt. No kan din organisasjon registrere seg!Alle lag og organisasjonar i Stranda
Alle lag og organisasjonar i kommunen kan no registrere seg på Tilskotsportalen. Inntil 3 representantar for kvar organisasjon kan opprette brukar i portalen. Avtal med din organisasjon kven som ha denne tilgangen.
Korleis få tilgang
Klikk her for å komme til portalen: https://tilskuddsportalen.no/ Skriv «Stranda» i søkefeltet på heimesida og vel «Lag og foreninger i Stranda» for å opprette brukar.
Etter å ha blitt godkjent som brukar vil du få ein e-post med ei aktiviseringslenkje. Deretter vil du kunne logge inn og søkje mellom alle dei ulike tilskotsmoglegheitene inne i portalen.
Spørsmål?
Ta kontakt med Ragnhild Stadheim ved Stranda Frivilligsentral på ragnhild.stadheim@stranda.kommune.no eller på mobil 464 11 119 om du har spørsmål til portalen.
Del på:
-
Årsmelding for Stranda frivilligsentral 2023
2023 var nok eit år med mykje god aktivitet i Stranda frivilligsentral. Om du er interessert i arbeidet vårt og det vi jobbar med i Stranda kommune, er du hjartleg velkomen til å lese årsmeldinga til Stranda frivilligsentral for 2023.
-
Første frivillig forum i regi av frivilligsentralen
Omlag 50 personar frå 25 organisasjonar deltok på det første Frivillig forumet i regi av Stranda frivilligsentral.
-
GOD JUL!
Frivilligsentralen tek juleferie frå fredag 22.desember til onsdag 3.januar. Ønskjer dykk alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!
-
83 gongar rundt jorda i årets Stikk UT!
I sommarens Stikk UT! har 40 000 deltakarar registrert nær 1 million turar. Dei har tilbakelagt 3,3 million km på dei ulike turane, noko som tilsvarar 83 gongar rundt jorda. Og når Stikk UT!-deltakarane i tillegg har lagt bak seg 78 000 høgdekilometer, tilsvarer det nesten 9 000 gongar opp Mount Everest.