Vellykka innsamling til Leger uten Grenser i Stranda kommune

Søndag 23.oktober gjekk årets TV-aksjon til inntekt for Leger uten Grenser av stabelen. Meir enn 266 millionar vart samla inn på landsbasis og innsamlinga var også svært vellykka i Stranda kommune.

Full dekning på bøsseberarar

Det vart fullt på alle roder i heile kommunen som betydde at alle husstandar fekk besøk søndag ettermiddag. I Geiranger, Liabygda og på Hellesylt var dekninga på bøsseberarar klar i god tid i forkant, medan på Stranda tettstad var det oppfylling av roder nesten heilt fram til startskotet på aksjonen. Alle roder vart til slutt dekt og det var mange positive ord og tilbakemeldingar blant både bøsseberarar og husstandane som fekk besøk. 

Godt resultat, trass nedgang

Fleire bøsseberarar kunne rapportere om at mange ikkje var heime eller svarte når dei ringte på, men også at dei var venta hos mange, som stod klare med bidraget når dei fekk besøk. 

Opptellinga etterpå stod Sparebanken Møre ansvarleg for. Det vart eit godt resultat, trass litt nedgang frå 2019 som var forrige gong ein var ute med bøssene i kommunen. 

Totalt vart det samla inn 80 265,- i kontantar. 

Stranda, 52 404,-

Hellesylt, 14 000,-

Geiranger, 6 561,-

Liabygda, 7 300,-

I tillegg har nok mange valt å vippse sitt bidrag.

Tusen takk til alle bøsseberarar og sjåførar! Utan dykk hadde vi ikkje fått til eit så godt resultat.

Nokre av dei flotte bøsseberarane som deltok.

Helge og Siw Linda KvameGunvor Kleppe var sjåfør og Anne Grete Gjerde gjekk med bøsse.  Ei stor gruppe elevar frå Vestborg deltok. Flott innsats frå alle dei.

Kontakt

Øyna 13
6200 Stranda

Organisasjonsnummer
987764740

Sosiale media

2024 © Stranda frivilligsentral