Trygg møtearena for ungdom

Visste du at Stranda frivilligsentral arrangerer Open hall for ungdomsskuleelevar i Strandahallen?

Sidan 2012 har Stranda frivilligsentral invitert elevar i 8.-10. klasse til Open hall i Strandahallen. Aktiviteten har vore arrangert cirka ein fredag i månaden frå kl. 20.00-23.30. Både elevar frå Stranda og Hellesylt deltek, nokre også frå Liabygda og Valldal.  

Ungdommane styrer aktiviteten

Open hall er ei moglegheit for ungdommane å møtes, vere aktive saman, henge saman og styre aktiviteten sjølve med trygge vaksne til stades som støtte. Ungdommane vel om dei vil spele fotball, volleyball, basket, ligge hengslengt på ein tjukkas, spele musikk eller prate i eit hjørne av tribuna. Det skal vere slik. Ein møtearena der ein berre kan vere saman. 

Fem engasjerte frivillige bidreg, saman med dagleg leiar på frivilligsentralen, som vaksne kontaktpersonar. Dei ønskjer velkommen og er til stades, men let ungdommane få friheit til å styre aktivitetane sjølve. Sjølvsagt skal dei vaksne passe på at ingen blir mobba, utestengt eller at ungdommane gjer ulovlege ting. Open hall skal vere eit trygt, rusfritt og sosialt arrangement for alle ungdommane, og ungdommane verkar å respektere dette. Frivilligsentralen organiserer også natteravnar som går rundt området ved Strandahallen og andre delar av Stranda tettstad desse datoane. 

Plass til fleire hjelparar

I skuleåret 2022/2023 var det registrert totalt 695 besøk på 13 gongar med Open hall, som er eit snitt på 53 ungdommar per gong. Så lenge ungdommane møter og vi har frivillige som ønskjer å bidra, kan frivilligsentralen fortsette å tilby Open hall på Stranda. Vi ser at dette tilbodet både er populært og ønska av ungdommane. Ein har høyrt om manglande tilbod for ungdom på Stranda, og det er klart vi kunne arrangert Open hall enda oftare og med anna innhald. Økonomisk krev det kanskje ikkje mykje, men då må fleire vaksne stille på.  

Når vi no går i gang igjen med Open hall i september håper vi du vil oppmuntre ungdommen din til å kome innom Open hall og vere med på dette tilbodet. Mange minne og erfaringar i livet blir skapt i samhandling med andre i uformelle settingar. Det kan bidra til identitetsbygging og sterke fellesskap. Vi håper dei vil oppleve Open hall som ein trygg møtearena for alle ungdommar. 


Kontakt

Øyna 13
6200 Stranda

Organisasjonsnummer
987764740

Sosiale media

2024 © Stranda frivilligsentral