Visste du at Stranda frivilligsentral er over 30år?

Visste du at Stranda Frivilligsentral blei etablert for 31 år sidan og feira stort 30-års jubileum i Storfjord kulturhus i november 2022.

Ved oppstarten i 1992 hadde frivilligsentralen 41 hjelparar som trådde til med hagearbeid, snømoking, telefonkontakt, barnevaktsentral, natteravn og besøk på sjukestova. 

«Meininga med det heile er å prøve å skape på nytt den frivillige innsatsen som vi har mist undervegs. Det er viktig at vi kan hjelpe kvarandre, utan å ta betaling for det», sa dagleg leiar den gong Svanhild Åsen i eit intervju til lokalavisa.

Frivilligsentralen har opp gjennom åra hatt fleire daglege leiarar, og sist ved roret er Aud Tomasgard Berstad. Sentralen har som samfunnet elles, både utvikla og fornya seg etter behova og ønska i Stranda kommune. Likevel ligg noko fast, sentralen skal vere eit knutepunkt og bindeledd mellom dei som vil yte frivillig innsats i lokalsamfunnet, og dei som ønskjer å ta i mot slik innsats. Frivilligsentralen skal fungere som møteplass og brubyggjar mellom menneske, frivillige organisasjonar og det offentlege. Slik kan ein bidra til at Stranda kommune blir ein enda betre plass å bu for alle. No er det Open Hall, BUA, Strikkekafé, StikkUT!, Kafé 60+, Barseltreff og Språkkafé aktivitetane heiter. Målet er det same; å skape gode møte mellom menneske. Å engasjere seg gjennom frivillig innsats gjev både noko til andre og tilbake til deg sjølv. Det er ein stad alle kan bidra. 

«Frivilligsentralen og arbeidet som vert utført her, skal vere eit supplement til dei tenestene som allereie finst i kommunen», står det å lese vidare i intervjuet med Åsen i 1992. Desse orda er like sanne i dag, men samstundes blir linjene meir og meir uklare. For av og til kan det vere utfordrande å skilje mellom kva som er kommunen sitt ansvar og kvar frivilligheita kan stille opp og bidra. Slik er det også for Stranda Frivilligsentral. Dette skiljet blir nok vanskelegare også i åra framover med dei økonomiske utfordringane mange vil kjenne på kroppen. Behovet for frivillig innsats vil truleg bli viktigare og større, når kvardagen blir krevjande.

Frivilligheit handlar også om å løfte blikket, vere raus og dele tid, erfaringar, omsorg og gleda av å vere saman. Frivilligheit treng ikkje bety styreverv, søknadsskriving og uendelege timar på dugnad. Den kan eigentleg vere det du har lyst til! Stranda Frivilligsentral kan såleis vere eit fint utgangspunkt for å bli kjent med den frivillige aktiviteten i Stranda kommune. 

Velkommen innom!

Kontakt

Øyna 13
6200 Stranda

Organisasjonsnummer
987764740

Sosiale media

2024 © Stranda frivilligsentral