Utstyr til opplevingar og aktivitet- heilt gratis!

Har du høyrt om BUA Stranda? Har du vore innom og kanskje også lånt noko frå BUA Stranda? Viss ikkje, håper eg du kan bli freista etter å ha lese dette.

1-års jubileum for BUA Stranda

BUA står for barn, unge, aktivitet og er ei nasjonal stifting som har utstyrssentralar på meir enn 200 stadar i heile Noreg. BUA Stranda har gratis utlån av utstyr til sports- og friluftsaktivitetar for privatpersonar, barnehagar, skular og lag og organisasjonar i Stranda kommune. Eit tiltak for å auke fysisk aktivitet, sosial inkludering og aktivitetsglede i kommunen vår. BUA Stranda blei opna 28.januar i 2023 etter mykje arbeid, planlegging og organisering. I løpet av dette året har vi vore på «topp ti» over små kommunar i Noreg to gonger og hatt tett på 500 utlån til meir enn 100 ulike brukarar.

Slike utstyrssentralar har blitt meir og meir populære. Der dei først mest var tenkt som eit tiltak for å sikre at alle barn og unge skulle ha moglegheit til å delta på lik linje med andre born, er sentralane no meir og meir eit miljøbevisst og berekraftig alternativ. For er du litt som underteikna som aldri har prøvd truger, stått på eit SUP brett eller ikkje har råd til eigen el-sykkel, så er det veldig praktisk at alt dette kan lånast ein gong innimellom. 

Berekraftig alternativ

Nordmenn handla for 92 milliardar kroner i julegåver i 2023. Det er nesten ein ubegripeleg sum. Noko av dette var heilt sikkert friluftsutstyr. Og noko av det er kanskje også friluftsutstyr som etter kort tid blir ståande i ei bod eller blir for lite til neste sesong. Om ein ikkje er ivrig skigåar eller kanskje ikkje har plass i bilen til alt slags utstyr når ein skal ferie, kan det å låne utstyret frå BUA når ein treng det sikre at ein likevel kan vere aktiv og gi opplevingar saman med andre. 

BUA Stranda har ope to dagar i veka og ligg sentralt til i Stranda sentrum. Du kan låne kvalitetsutstyr til eit stort utval aktivitetar – heilt gratis! Eit folkehelsetiltak som sikrar at; fleire kan delta i fellesskap, fleire kan kjenne på meistringsfølelse, fleire kan prøve nye ting, fleire er i aktivitet og fleire er med å redusere forbruket.

«Ei krone her og ei krone der» er det ei kjend reklame som hevdar og for ein Sunnmøring kan jo det vere viktig! For miljøet og berekrafta i samfunnet er det enno viktigare.

Eg slår eit slag for å låne, bytte, bruke og bruke på nytt. Velkomen til BUA Stranda og godt nytt aktivitetsår!

Sjekk ut vår heimeside https://www.bua.no/bua-stranda/utstyr eller facebook https://www.facebook.com/BUAStranda

Skrive av: Ragnhild Stadheim, dagleg leiar Stranda frivilligsentral og BUA Stranda

Kontakt

Øyna 13
6200 Stranda

Organisasjonsnummer
987764740

Sosiale media

2024 © Stranda frivilligsentral